Kontrakt og vilkår

for bryllupspakkane

Les meir om grunnlaget for pakkeprisane, levering, rettigheiter, evt. reisekostnadar, samt mine faste kontrakter og vilkår.

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Bryllup: kontrakt, levering og mogleg utviding

I mine bryllupspakkar får du det som er avtalt til ein fast pris - utan skjulte tilleggskostnadar. Du kan også bestille fleire bilder, og benytte deg av rabattar.

 

 

Booking:

 

Bekreftelse av booking skjer via epost, i form av tilsendt kontrakt.

 

Kunden får tilsendt ei kontrakt som, i tråd med norsk forbrukarlov, sikrar ein trygg handel for begge partar.

Eg tek ikkje depositum. Kansellering: sjå info lengre nede på denne sida.

 

Levering:

 

Dei ferdig redigerte bildene vert lagra som høg-oppløyselige filer, og sendt til deg i ei

online Dropbox/Google disk-mappe, samt på ein minnepenn du får tilsendt i posten.

 

Slik vil du alltid ha ein digital backup, i tillegg til å ha dei ferdige, høgoppløyselige filene på ein eigen minnepenn.

Du kan også dele dropbox-mappa med familie og venner. NB: Kunden vil få høve til å sjå igjennom bildene i Dropbox-mappa, og kan komme med innspel og ynskjer før bildene vert sende på minnepenn.

Om pakkeprisane:

 

 

Mine bryllupspakkar er inkludert moms, og har ingen skjulte tilleggsprisar.

Eg tek heller ikkje depositum. Reiseutgifter kan komme i tillegg dersom bryllupet skal finne stad utanfor Oslo

(sjå info lengre nede på denne sida).

 

 

Prisane på denne sida gjeld bryllupssesongen for det aktuelle året.

Har du allereie bestilt, eller vist interesse, er prisen den samme som den var då du først tok kontakt.

 

 

RETTIGHEITER

 

Kunden har alle rettigheiter til bildene, og får dei levert som høgoppløyselege filer

på minnepenn i posten - utan vannmerker.

 

Eg vil alltid spørre om tillatelse til å bruke bildene mine i marknadsføring av bedrifta - på heimesida mi og/ eller på den offisielle facebook-sida mi, samt i annan eventuell marknadsføring. Eg ynskjer også å bli kreditert med namn og heimeside i bildeteksten dersom fotografia vert publiserte i sosiale medie.

REISEKOSTNADER

 

 

Tilleggspris når bryllupsoppdraget innebærer reise og overnatting:

 

- Reise med 2 overnattingar, med aktiv reisetid t/r på 4-8 timar: 6000 kr

 

- Reise med 2 overnattingar, med aktiv reisetid t/r på 8-15 timar: 8000 kr

 

*Dette dekkjer kostnadane for transport, overnatting og er ei godtgjerdsle for reisetida på fredagen og søndagen.

 

 

 

Tilleggspris for bryllup rundt Oslo (ingen overnatting):

 

- Bryllup som krev under 1,5 timar aktiv reisetid frå Oslo S t/r har ingen reiseutgifter knytt til seg

 

- Bryllup som krev 1,5-2 timar aktiv reisetid t/r frå Oslo: 1000 kr

 

- Bryllup som krev 2-4 timar aktiv reisetid t/r frå Oslo: 2000 kr

 

*Dette dekkjer kostnadane for transport, og er ei godtgjerdsle for reisetida.

MOGLEG UTVIDING AV BRYLLUPSPAKKANE

 

I løpet av eit bryllup fotograferer eg fleire tusen bilder. Nokre brudepar ynskjer å bestille fleire bilder enn det som er i pakken, og difor har eg opna for ei mogleg utviding av bryllupspakkane:

 

___________________________________________________________________________________________________________________

 

 

  20 % rabatt på "forlovelsesfotografering" til invitasjonskort, o.l.:

 

  Mine brudepar får alltid rabatt på eventuell kjærastfotografering/ fotografering til

  bl.a. invitasjonskort i forkant av bryllupet.

 

  Prisen tek utgangspunkt i gjeldande pris for portrettfotografering av enkeltpersonar.

  Sjå pris under fana Priser > Portrett

 

 

___________________________________________________________________________________________________________________

 

 

  Utviding av antall redigerte bilder frå bryllupsdagen:

 

  50 fleire redigerte bilder: 3500 kr

  100 fleire redigerte bilder: 5500 kr

 



___________________________________________________________________________________________________________________

 

 

 Få alle bildene frå bryllupet - som uredigerte filer!

 

  For dei som ynskjer det, er det også mogleg å få tilsendt alle filene frå heile dagen som uredigerte,

  høgoppløyslege filer. Dette blir sendt på minnepenn i posten.

 

  Pris for å få tilsendt alle bildene, aktuell bryllupspakke:

 

 

 Heildag A: 3 900 kr      |      Heildag B: 2 900 kr

 Halvdag A: 1 900 kr     |      Halvdag B: kr 1500

 

 

______________________________________________________________

Risiko / kansellering

 

Retningslinjer som sikrar ein trygg handel for begge partar - også dersom noko mot formoding ikkje går etter planen.

 

Dersom eg mot formoding skulle bli ramma av sjukdom,

vil eg ikkje kunne påta meg ansvaret for å finne ein stadfortredar (dei fleste dyktige bryllupsfotografar er fullbooka i dei mest populære sommarmånadane, og vil sjeldan kunne fungere som stand-by for kvarandre). Oppdraget vil difor bli kansellert, og brureparet vert fritekne frå kontrakta - utan noko krav om vederlag. Eg vil sjølvsagt informere brureparet så fort eventuelle sjukdomsteikn oppstår, slik at paret får moglegheit til å ansette ein ny fotograf.

 

Dersom brureparet mot formoding skulle bli ramma av sjukdom, død, eller samlivsbrot, og bryllupet som følge av dette vert kansellert, vil dei også bli fritekne frå denne kontrakta, utan noko krav om vederlag. Brureparet pliktar å informere fotografen om dette så fort kanselleringa er stadfesta.

KONTAKT

902 127 83

post@irisengen.no

ADRESSE

Heimdalsgata 30

OSLO

WEBDESIGN BY: Iris Engen Skadal

Fotograf: Iris Engen Skadal.

Rimelig bryllupsfotograf, med oppdrag i Oslo, Førde, Bergen.

Fotograferer Bryllup, portrettbilder, babyportrett, gruppe - og familiefoto. Rimelige priser og rask leveringstid!

http://mitt-bryllup.no/

http://www.tilbryllupet.no/

http://www.bryllupsdagen.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Bryllup

http://test.bryllup.no/

http://www.bryllupsmagasinet.no/planlegging/

http://www.tilbords.no/bryllup

http://www.vakrebryllup.no/

http://www.losbygods.no/bryllup/bryllup-pa-losby-gods/

http://www.fotografi.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Fotografi

https://snl.no/fotografi