Om mine

fotobryllup

 Tips og triks!

Kontrakt og vilkår

for bryllupspakkane

I mine fotopakkar er det ingen skjulte kostnadar. Les meir om prisane, levering, mine faste kontrakter og vilkår her.

FOTOGRAF IRIS ENGEN SKADAL BRYLLUPSFOTOGRAF OSLO BERGEN FØRDE

FOTOGRAF IRIS ENGEN SKADAL BRYLLUPSFOTOGRAF OSLO BERGEN FØRDE

Bryllup: kontrakt og levering

I mine bryllupspakkar får du det som er avtalt til ein fast pris

- utan skjulte tilleggskostnadar.

 

Levering:

Dei ferdig redigerte bileta vert lagra som høg-oppløyselige filer, og sendt til deg i ei online Dropbox-mappe, samt på ein minnepenn du får tilsendt i posten. Slik vil du alltid ha ein digital backup, i tillegg til å ha dei ferdige, høgoppløyselige filene på ein eigen minnepenn. Du kan også dele dropbox-mappa med familie og venner.

NB: Kunden vil få høve til å sjå igjennom bileta i Dropbox-mappa, og kan komme med innspel og ynskjer før bileta vert sende på minnepenn.

 

Om pakkeprisane:

Mine bryllupspakkar er inkludert moms, og har ingen skjulte tilleggsprisar.

Eg tek heller ikkje depositum.

 

Booking:

Bekreftelse av booking skjer via epost. Kunden får tilsendt ei kontrakt som, i tråd med norsk forbrukarlov, sikrar ein trygg handel for begge partar.

 

Prisutvikling:

Prisane på denne sida gjeld bryllupssesongen 2017. Har du allereie bestilt, eller vist interesse, er prisen den samme som den var då du først tok kontakt.

 

 

 

RETTIGHEITER

Kunden har alle rettigheiter til bileta, og får dei levert som høgoppløyselege filer på minnepenn i posten - utan vannmerker.

Eg vil alltid spørre om tillatelse til å bruke bileta mine i marknadsføring av bedrifta - på heimesida mi og/ eller på den offisielle facebook-sida mi, samt i annan eventuell marknadsføring. Eg ynskjer også å bli kreditert med namn og heimeside i bildeteksten dersom fotografia vert publiserte i sosiale medie.

REISEKOSTNADER

Når bryllupsoppdraget innebærer reise, vil kostnadane for transport og overnatting komme i tillegg til hovedbeløpet. I slike tilfelle er ikkje kostnadane større enn at dei dekker den billigaste transporten, og eg gjer meg alltid flid med å bestille det billigaste reisealternativet.

 

Når bryllupet er i køyreavstand med bil  reknar eg statens takst for reisegodtgjersle som utgangspunkt for reiseutgiftene. Dersom eg også må overnatte, finn vi  rimelige løysingar for overnatting i nærleiken av bryllupet.

 

 

MOGLEG UTVIDING AV BRYLLUPSPAKKANE

I løpet av eit bryllup fotograferer eg fleire tusen bilder. Nokre brudepar ynskjer å bestille fleire bilder enn det som er i pakken, og difor har eg opna for ei mogleg utviding av bryllupspakkane:

 

"Forlovelsesfotografering" til invitasjonskort, o.l.:

Eventuell kjærastfotografering/ fotografering til bl.a. invitasjonskort i forkant av bryllaupet (ca 20 redigerte bilder - både stemningsbilder og "offisielle" bilder):

        - I gatene/parkane rundt St. Hanshaugen i Oslo, kr 1900,-

        - På valgfri stad (i Oslo), kr 2800,-

 

Utviding av antall redigerte bilder frå bryllupsdagen:

100 fleire redigerte bilder, 3500 kr

50 fleire redigerte bilder, 1750 kr

Råfilene frå bryllaupet - uredigerte:

For dei som ynskjer det, er det også mogleg å få tilsendt alle filene frå heile dagen som uredigerte, høgoppløyslege filer.

Dette blir sendt på minnepenn i posten. Pris for aktuell bryllupspakke:

Heildag A: 3 900 kr | Heildag B 2 900 kr

Halvdag A 1 900 kr | Halvdag B kr 1500

 

 

Risiko / kansellering

Dersom eg mot formoding skulle bli ramma av sjukdom,

vil eg ikkje kunne påta meg ansvaret for å finne ein stadfortredar (dei fleste dyktige bryllaupsfotografar er fullbooka i dei mest populære sommarmånadane, og vil sjeldan kunne fungere som stand-by for kvarandre). Oppdraget vil difor bli kansellert, og brureparet vert fritekne frå kontrakta - utan noko krav om vederlag. Eg vil sjølvsagt informere brureparet så fort eventuelle sjukdomsteikn oppstår, slik at paret får moglegheit til å ansette ein ny fotograf.

 

Dersom brureparet mot formoding skulle bli ramma av sjukdom, død, eller samlivsbrot, og bryllaupet som følge av dette vert kansellert, vil dei også bli fritekne frå denne kontrakta, utan noko krav om vederlag. Brureparet pliktar å informere fotografen om dette så fort kanselleringa er stadfesta.

 

KONTAKT

902 127 83

post@irisengen.no

ADRESSE

Westye Egebergsgate 4

OSLO

WEBDESIGN BY: Iris Engen Skadal

Fotograf: Iris Engen Skadal.

Rimelig bryllupsfotograf, med oppdrag i Oslo, Førde, Bergen.

Fotograferer Bryllup, portrettbilder, babyportrett, gruppe - og familiefoto. Rimelige priser og rask leveringstid!

http://mitt-bryllup.no/

http://www.tilbryllupet.no/

http://www.bryllupsdagen.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Bryllup

http://test.bryllup.no/

http://www.bryllupsmagasinet.no/planlegging/

http://www.tilbords.no/bryllup

http://www.vakrebryllup.no/

http://www.losbygods.no/bryllup/bryllup-pa-losby-gods/

http://www.fotografi.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Fotografi

https://snl.no/fotografi