TIDLIGARE

OPPDRAGSGJEVARAR

Kort om Iris

Eg er ein Oslo-basert fotograf, (lærar, journalist, hobbygrafiker- og webdesigner) frå Førde, med bryllup- og bedriftsoppdrag i mange ulike delar av landet. Sidan 2006 har eg hatt  fleire tunge fotooppdrag for både aviser, utdanningsinstituasjonar og andre bedrifter. I fulltidsyrket mitt som lærar har eg undervist i m.a. fotografi i hittil tre år.

 

fotografi

Eg jobbar mykje med å skape bilete der menneske, miljø og lokasjonar spelar kvarandre gode. Fokus på stemning, fargar, lys og komposisjon er sentralt i bileta mine. Dei eg fotograferer skal oppleve ei avslappa, uformell stemning, som igjen fører til at dei får naturlige og "ekte" bilder.

Det å jobbe utandørs gir også enorme moglegheiter for lyssetting, locations (kulisser) og kreativitet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

BRYLLUPSFOTOGRAFI

Bakgrunnen min frå presse- og kommersiell fotografi gir meg gode føresetnadar i jobben som bryllupsfotograf. Felles for sjangerane er at ein heile tida må sjå kva som kjem til å skje i neste sekund, så ein rekk å fange dei fine situasjonane - akkurat i det dei oppstår. Eg ser med stort alvor på ansvaret for å forevige ein bryllupsdag, og jobbar difor ivrig og effektivt frå morgon til kveld. Heldigvis er det alltid like kjekt og inspirerande!

 

GRAFISK - OG WEBDESIGN

I studietida hadde eg grafisk ansvar for fleire studentaviser. Seinare jobba eg som grafisk ansvarleg og fotograf for markedsavdelinga ved Universitetet i Agder, med fleire prosjekt på si. Dei siste åra har eg jobba mykje med å lære web-design, noko bl.a. denne sida er eit produkt av.

S/S Vega

S/S Svanen

Bookbaat.no

UTSTYR

Dei siste åra har eg også investert tungt i fotoutstyr som gjer meg godt rusta til både utandørs- og innandørs fotografering.

Eg jobbar ikkje i studio.

Design av ramme-illustrasjon:

KONTAKT

902 127 83

post@irisengen.com

 

// OSLO //