>

Om foto-

BRYLLUP

Å ha med fotograf

på bryllupsdagen!

Målet for einkvar bryllups-fotograf er å skape ei fotohistorie av minner.

DIALOGEN I FORKANT

Nøye planlagt - eller spontant og leikent? Brudeparet bestemmer i stor grad sjølv korleis fotograferinga skal foregå i deira bryllup. Planen for dagen er oftast laust skissert i forkant, anten via eit hyggelig planleggingsmøte på ein kafè, eller enkelt og greit - via telefon og/eller epost. Utover det er det opp til dykk. Det er trass alt dykkar dag, dykkar smil, og dykkar minner som skal forevigast - og sjølve fotohistoria er det ho til sjuande og sist de sjølve som skaper!

 

 

FORBEREDELSE OG VIELSE

Til vanleg startar eg saman med bruden på frisørsalongen, der eg fotograferer stemningen mellom bruden og forlovarar, samt detaljar av kjolen og tilbehør. Målet er å vere både fotograf og ei ekstra hjelpande hand, og ofte endar eg opp med å dra ut for å kjøpe kaffi og snacks, eller hente brudebuketten. Dei fleste treng også litt tid på å venne seg  til å bli fotograferte, så denne tida er slik sett ei fin oppvarming til det som kjem seinare!

 

Deretter dreg eg oftast vidare til vielsen, der eg fotograferer stemninga hos familie, venner og brudgom før bruden kjem. Etter vielsen er det stort sett tradisjonelle bilder på kirketrappa, der ein ofte også fotograferer brudeparet saman med familie, forlovarar og venner (dette kan også gjerast seinare, feks. ved festlokalet).

 

 

 

 

OFFISIELLE BRYLLUPSBILDER

Før bryllupet har brudeparet som oftast plukka ut ulike locations, samt laga eit lite album på feks. Pinterest, der dei presenterer kva for stil dei likar. Nokre printar også ut dei viktigaste positurane på ønskelista si, slik at vi sikrar at vi har vore igjennom alle. Andre tek det heile litt meir på sparket - vi hoppar ut på ein fin location vi køyrer forbi på vegen, eller finn nokre flotte bagrunnar i nærheten av fest- eller vielsesstad. Somme vel å ha fotograferinga før vielsen for å få betre tid, medan andre legg fotograferinga til etter vielsen. Under fotoseansen tek vi oss så god tid som mogleg for å få flest mogleg motiv/situasjonar/bakgrunnar. Beregn helst over 1,5 timar i aktiv foto-tid!

MIDDAG OG FEST

Under både førebuingar, vielse og fest har eg spesiell fokus på å fange øyeblikka, og slik skape ei fotoforteljing av smil, latter og artige situasjonar.

Samtidig som eg aktivt vandrar rundt på "skattejakt" med kameraet, er det også viktig for meg å vere så usynlig som mogleg. Eg får stadig høyre at eg lykkast godt med å balansere desse to fokuspunkta, og at folk har opplevd fotograferinga som noko "gøy" som skjedde undervegs.

 

Mange brudepar ynskjer også å knipse brudepar-bilder undervegs i festen.

Her er det for eksempel nydelig å fotografere paret i lyset av ei synkande sol i horisonten! Dei som fekk regn på dei offisielle bildene tidlegare på dagen, får ofte blaff av sol når det nærmar seg kveld. Slik sikrar ein ved Heildagspakkane ein dobbel sjanse til å få gode bryllupsbilder!I fotopakken "Heildag A" set eg meg i bilen heim rundt midnatt - med stappfulle minnekort!

ETTERARBEID / redigering

Når alle bildene er ferdig knipsa, og bryllupsfesten er forbi, har jobben knapt starta for fotografen. For min del skal eg no navigere gjennom fleire tusen bilder (ofte over 70-80 GB i eit heildagsbryllup), og finne blinkskota. Deretter skal desse redigerast, eiit-etter-eitt, i Adobe Photoshop. Dette tek i heildagsbryllups-samanheng mellom 3-4 arbeidsdagar i effektivt jobbtempo.

 

Mine prisar- og vilkår

Nokre fotografar har ein del "skjulte utgifter", der du betaler ganske rimelig for ein pakke, men endar opp med å punge ut mykje pengar for å få alle filene i høgoppløyselig versjon. Eg har valgt å gjere det så enkelt som mogleg: du får det du betaler for - eit avtalt antall høg-oppløyselige, redigerte bilder - done deal.

Levering på både nettsky

og minnepenn

Filene blir lasta opp i ei trygg nettsky på lagringstenesta Dropbox, og kunden får deretter ein link til denne mappa tilsendt på mail. Denne vil alltid vere tilgjengeleg for deg som ein digital backup, og linken kan delast med venner og familie.

(NB: hugs at du må ha ein Dropbox-konto for å kunne laste ned bildene som filer)!

Eg ynskjer alltid at kundane stadfestar at dei er nøgde med bildene før eg samlar allle filene på ein minnepenn, og sender denne i posten.

 

Bildene du får i posten er høgoppløyselige filer, og du som kunde får alle rettigheiter til å bruke dei som du vil. Jobben med å printe ut album og bilder til veggen osv. får du dermed sjølv - og med det får du også meir frihet til å plukke ut dine eigne bilete, bestemme deg- og ombestemme deg.

 

Kjøpe alle dei

uredigerte filene?

Nokre brudepar ynskjer også å kjøpe alle dei uredigerte jpg-filene. Dette kjem på 3000 kr ekstra, og brudeparet får desse tilsendt som høgoppløyselige filer på ein minnepenn. Dette er ofte mange tusen bilder, som kan vere kjekke å ha - nettopp fordi dei gir ein ekstremt detaljert fotofortelling frå dagen dykkar.

 

Så er dei mange minna frå dagen i boks, i album og på veggane, og det er berre å hente dei fram att frå hukommelsen,

år etter år!

Galleri

Kontakt / book

Tilbake til toppen!

KONTAKT

902 127 83

post@irisengen.com

 

// OSLO //