>

Fototips:

BRYLLUP

BRYLLUPSTIPS:

PLANLEGG EIT FOTOBRYLLUP!

Ein bryllupsfotograf er først og fremst ute etter å skape ei fotohistorie av minner frå den store dagen dykkar. Difor er det viktig at du og fotografen jobbar saman om å forevige stemning, latter og smil på ein god måte.

Så korleis kan du få mest mogleg ut av fotograferinga på din store dag?

Forbered gode kulisser

Dine valg av kulisser når det gjeld både forberedelse, fest og vielse har sjølvsagt mykje å seie for kor spennande bildene blir. For eksempel vil ein kunne få svært fine stemningsfoto under forberedelsen før bryllupet dersom lokalene du har valgt legg til rette for dette. Velg difor helst arealrike rom med god tilgang på naturlig lys. Store vindauge er å foretrekke, då det gjer det lettare å ta teknisk gode bilder. Hugs å rydde! Frukt, sjampanje, tøystoff, tepper og puter er like hyggelige for deg og gjestene dine, som det er fotovennlig for fotografen.

 

NB: mange frisørsalongar er ofte litt trange og sterile, med plakatar og utstyr som kan tilføre litt uønska "støy" i bildene. Dette unngår du ofte dersom du finn ein annan, litt meir personlig location (gjerne din eigen heim), der du har rydda og fiksa litt før fotograferingen startar.

Skap dei "gode situasjonane"!

Mange ynskjer å fange stemninga undervegs i bryllupet, så minna frå dagen blir mest mogleg levande. Men når det er sagt, kan det også vere lett å gløyme at det først og fremst er paret, venner og familie som må le, smile og ha det kjekt for at fotografen skal sikre seg dei beste bildene! Hugs difor å legge til rette for stemningsfoto ved å skape gode, gjerne morosame situasjonar, der det osar god stemning.

Research idèer og konsept

Når det gjeld dei formelle bryllupsfotografia vil dei fleste ynskje eit variert utvalg bilete - både når det gjeld motiv, bildeutsnitt og positurar. Research-arbeid er difor lurt - både google bildesøk, Pinterest, Flickr og instagram har eksempelvis mange gode fotoidèer på lur! Ein del brudepar lagar også eit lite album på feks. Pinterest, der dei presenterer kva for stil dei likar i forkant av bryllupet.

Slik får fotografen eit innblikk i kva positurar, bakgrunnar og redigeringsstilar paret likar, og kan tilpasse arbeidet sitt etter dette. Er du skikkelig rutinert, kan du jo alltids printe ut dei bileta du ynskjer aller mest, og lage ein liten collage til fotografen! Lag også gjerne ei kjapp liste over ulike ønskte kombinasjonar av familie, venner og forlovarar, så har fotografen ei lita hugseliste.

Tips til den offisielle fotoseansen

Eg vil anbefale å setje av helst over 1,5 timar i aktiv foto-tid. Under sjølve fotoseansen er det lurt å sikre at ein knipsar både detaljar, nære- og halvnære portrett, samt også paret som del av omgivelsane. Ta helst med tepper til å sitje på, eller andre rekvisittar som kan gjere bileta enda meir spennande.

Og ikkje gløym sko, (og varme klede dersom det er litt kjølig i lufta)!

 

Hugs at brudeparet i seg sjølv er ganske fargelause der dei står i svart-kvitt, så dersom du likar fargar; ta med deg noko fargerikt! Det er både i fotografens- og parets beste interesse at ein slappar og av har det kjekt. Tenk på fotoseansen som ein pause, der de kan lade opp til komande middag og festivitas! Trivsel, latter og god stemning er  grunnleggande for å få bilete som ser naturlige ut, og difor også ein svært høg prioritet for einkvar fotograf.

Tips til valg av foto-location

Før bryllupet har brudeparet som oftast plukka ut ulike locations, av og til i samråd med fotografen. Eg vil anbefale å velge locations der det finst eit breidt utvalg av bakgrunnar. Nedtona, mjuke fargar, som kornåkrar, gamle husveggar, svaberg eller strender, passar godt som bakgrunnar til duse, delikate bilete. Fjord, fjell og grønfargar er også gode fargar, men desse er det litt meir "futt" i, så finn gjerne litt av begge deler. Blomar, anten i form av tre, busker eller blomsterenger er også flott å bruke både som forgrunn og bakgrunn. Pass også gjerne på at det er nokre store, lauvtunge tre på location! Dei sikrar gode forhold i både regn og sol, då ein kan søke ly under trea, og sikre seg mot både skarpt lys og nedbør.

Tips til bryllupsfoto

i (dårlig) vær

Dersom du veit at det kjem til å regne, har du fleire gode alternativ. For det første; det kjem mest truleg ikkje til å regne i eitt heile dagen, så ikkje fortvil! Lukene med opphaldsvêr kjem, og då kan det vere lurt å gripe sjansen. Mange legg feks. ut på små fotoseansar undervegs i festen, og har sett av pausar til dette. Som nemnt vil lauvtunge tre vere ein god stad å oppholde seg, sidan lauvkrunene slepp lite vatn igjennom. Dersom du er skikkelig førebudd, kan du alltids spenne opp ein presenning mellom to tre, eller finne nokre gode hustak (eller ei bru) som kan skjerme for nedbøren. Det kan også vere lurt å ha med nokre fine (gjerne gjennomsiktige) paraplyar!

 

Og når det er nemnt, er det også viktig å ha med nokre gode, varme klede. Då slepp du å hakke tenner og skyte gåsehud i alle retningar, noko som forsovidt heller ikkje tek seg spesielt godt ut på bryllupsbildene. Ofte vil ein også trenge eit par solide, gjerne vanntette sko, så ein kjem seg opp i den vakre enga, eller ned på det lekre svaberget utan å måtte vakle dit på høge hælar. Det viktigaste med fotografi i regnet er uansett at det er nok lys der de skal bli fotograferte, samt er det fint med ein ryddig bakgrunn.

 

Og til slutt, ei lita trøyst: Hugs at ein himmel dekt av skyer gir det flottaste fotolyset! Då forsvinn skyggane, og ein får eit mjukt og vakkert "studiolys". Det er altså ingen grunn til å fortvile over bileta dersom det dryp litt på dagen dykkar!

Mine bryllupsgalleri

Mine bryllups-pakker

Kontakt / book

Tilbake til toppen!

KONTAKT

902 127 83

post@irisengen.com

 

// OSLO //