Eg er ein Oslo-basert fotograf frå Førde, med bryllup- og bedriftsoppdrag i mange ulike delar av landet.
Hittil har eg fotografert i over 50 bryllup.
Sidan 2006 har eg hatt fleire tunge fotooppdrag for både aviser, utdanningsinstituasjonar og andre bedrifter.
I fulltidsyrket mitt som lærar har eg undervist i m.a. fotografi i hittil tre år.
Eg jobbar mykje med å skape bilete der menneske, miljø og lokasjonar spelar kvarandre gode. Fokus på stemning, fargar, lys og komposisjon er sentralt i bildene mine. Det å jobbe utandørs gir også enorme moglegheiter for lyssetting, locations (kulisser) og kreativitet.
Bakgrunnen min frå presse- og kommersiell fotografi gir meg gode føresetnadar i jobben som bryllupsfotograf. Felles for sjangerane er at ein heile tida må sjå kva som kjem til å skje i neste sekund, så ein rekk å fange dei fine situasjonane - akkurat i det dei oppstår. Eg ser med stort alvor på ansvaret for å forevige ein bryllupsdag, og jobbar difor ivrig og effektivt frå morgon til kveld. Heldigvis er det alltid like kjekt og inspirerande!
Dei siste åra har eg også investert tungt i fotoutstyr som gjer meg godt rusta til både utandørs- og innandørs fotografering.
KONTAKT
902 127 83
post@irisengen.no
ADRESSE
Heimdalsgata 30
OSLO
Fotograf: Iris Engen Skadal.
Rimelig bryllupsfotograf, med oppdrag i Oslo, Førde, Bergen.
Fotograferer Bryllup, portrettbilder, babyportrett, gruppe - og familiefoto. Rimelige priser og rask leveringstid!