Med fotograf

på den store dagen

Spontant eller planlagt? Korleis kan du planlegge og gjennomføre eit fotobryllup?

Og kva kan du forvente deg av fotografen?

 

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Les mer!

Å ha med fotograf på bryllupsdagen

Målet for einkvar bryllupsfotograf er å

skape ei historie av minner frå dagen din.

Dialogen i forkant

 

Nøye planlagt - eller spontant og leikent?

 

Brudeparet bestemmer i stor grad sjølv korleis fotograferinga skal foregå i deira bryllup. Planen for dagen er oftast laust skissert i forkant av bryllupet, anten via eit hyggelig planleggingsmøte på ein kafè, eller enkelt og greit - via telefon og/eller epost.

Fotografen vil vere tilgjengelig for tips og råd dersom det skulle vere noko de lurer på om både fotografering og praktiske tips.

 

 

FORBEREDELSE OG VIELSE

 

Stemningsfulle bilder frå timane før det brakar laus.

 

Til vanleg startar eg saman med bruden på frisørsalongen, der eg fotograferer stemningen mellom bruden og forlovarar, samt detaljar av kjolen og tilbehør. Målet er å vere både fotograf og ei ekstra hjelpande hand, og ofte endar eg opp med å dra ut for å kjøpe kaffi og snacks, eller hente brudebuketten. Dei fleste treng også litt tid på å venne seg  til å bli fotograferte, så denne tida er slik sett ei fin oppvarming til det som kjem seinare!

 

Deretter dreg eg oftast vidare til vielsen, der eg fotograferer stemninga hos familie, venner og brudgom før bruden kjem.

Etter vielsen er det stort sett tradisjonelle bilder på kirketrappa, der ein ofte også fotograferer brudeparet saman med familie, forlovarar og venner (dette kan også gjerast seinare, feks. ved festlokalet).

 

 

 

 

 

Tips til planlegging:

 

Etter vielsen:

Det tek ofte opp mot 30-40 min å takke gjestane, samt ta bilder av brudepar, familie og forlovarar rett etter vielsen.

Dette er også ei fin og sosial stund som det kan vere kjekt å setje av litt tid til (gjestane vil jo ofte ha nokre bilete av dykk rett etter

at de er gifte, og det er mange som vil seie nokre ord!)

 

Familiefotografering:

Det tek ofte mellom 30-60 min å ta bilder av dei typiske kombinasjonane av venner, familie og alle som er tilstades.

(Beregn 5 min pr. gruppe, så har de sett av ganske god tid).

 

Lag gjerne ei liste over kven de ynskjer å ha med på dei ulike bileta, og få ein som kjenner gjestene til å organisere/rope opp namn.

 

GODE LOCATIONS: Nokre brudepar ynskjer å plukke ut gode locations på forhånd, gjerne i samråd med fotografen.

Andre tek det meir på sparket, og finn fine locations nær festen eller vielsen, eller på vegstrekninga imellom!

OFFISIELLE BRYLLUPSBILDER

 

Planlegging av den offisielle fotoshooten:

 

Før bryllupet har brudeparet som oftast plukka ut ulike locations, samt laga eit lite album på feks. Pinterest, der dei presenterer kva for stil dei likar. Nokre printar også ut dei viktigaste positurane på ønskelista si, slik at vi sikrar at vi har vore igjennom alle. Andre tek det heile litt meir på sparket - vi hoppar ut på ein fin location vi køyrer forbi på vegen, eller finn nokre flotte bagrunnar i nærheten av fest- eller vielsesstad. Somme vel å ha fotograferinga før vielsen for å få betre tid, medan andre legg fotograferinga til etter vielsen. Under fotoseansen tek vi oss så god tid som mogleg for å få flest mogleg motiv/situasjonar/bakgrunnar.

 

Beregn helst over 1,5 timar i aktiv foto-tid (tid til transport av brudepar og forlovarar kjem altså i tillegg).

Å FANGE GODE MINNER: Samtidig som eg aktivt vandrar rundt på "skattejakt" med kameraet, er det også viktig for meg å vere så usynlig som mogleg. Eg får stadig høyre at eg lykkast godt med å balansere desse to fokuspunkta.

MIDDAG OG FEST

 

Under både førebuingar, vielse og fest har fotografen alltid spesiell fokus på å fange øyeblikka,

og slik skape ei fotoforteljing av smil, latter og artige situasjonar.

 

Samtidig som fotografen aktivt vandrar rundt på "skattejakt" med kameraet, er det også viktig å vere så usynlig som mogleg.

Eg får stadig høyre at gjestene har opplevd fotograferinga som noko "gøy" som skjedde undervegs.

 

Mange brudepar ynskjer også å knipse brudepar-bilder undervegs i festen. Her er det for eksempel nydelig å fotografere paret i lyset av ei synkande sol i horisonten! Dei som fekk regn på dei offisielle bildene tidlegare på dagen, får ofte blaff av sol når det nærmar seg kveld. Slik sikrar ein ved Heildagspakkane ein dobbel sjanse til å få gode bryllupsbilder!I fotopakken "Heildag A" set eg meg i bilen heim rundt midnatt - med stappfulle minnekort!

 

ETTERARBEID / redigering

 

Når alle bildene er ferdig knipsa, og bryllupsfesten er forbi, har jobben knapt starta for fotografen.

 

Fotografen skal no navigere gjennom fleire tusen bilder (ofte over 70-80 GB i eit heildagsbryllup), og finne blinkskota.

Deretter skal desse redigerast i Adobe Photoshop - ein jobb som i heildagsbryllups-samanheng vil ta mellom 3-4

arbeidsdagar i effektivt jobbtempo.

 

 

______________________________________________________________________________________________________________________________________

 

 

Mine prisar

 

Pakkepris = enkelt og greit!

 

Det å hyre inn ein profesjonell fotograf er ofte kostbart. I mine pakkar er "leige" av kamera- og redigeringsutstyret mitt ein stor del av prisen. Mva på 25 prosent er også inkludert, samt (i bryllupssamanheng) mange dagars redigeringsarbeid i etterkant av sjølve fotograferinga. Nokre fotografar har ein del "skjulte utgifter", der du betaler ganske rimelig for ein pakke, men endar opp med å punge ut mykje pengar for å få alle filene i høgoppløyseleg versjon. Eg har valdt å gjere det så enkelt som mogleg: du får det du betaler for - eit avtalt antall høgoppløyselige, redigerte filer - done deal. NB: Les om evt. reiseutgifter under fana "Vilkår".

 

 

______________________________________________________________________________________________________________________________________

 

 

Levering: på minnepenn i posten

 

Levering, rettigheiter og digital backup.

 

Filene blir lasta opp i ei trygg nettsky på lagringstenesta Dropbox, og kunden får deretter ein link til denne mappa tilsendt på mail. Denne vil alltid vere tilgjengeleg for deg som ein digital backup. (NB: hugs at du må ha ein Dropbox-konto for å kunne laste ned bildene som filer)! Eg ynskjer alltid at kundane stadfestar at dei er nøgde med bildene før eg samlar alle filene på ein minnepenn, og sender denne i posten.

 

Bildene du får i posten er høgoppløyselige filer, og du som kunde får alle rettigheiter til å bruke dei som du vil. Jobben med å printe ut album og bilder til veggen osv. får du dermed sjølv - og med det får du også meir frihet til å plukke ut dine eigne bilete, bestemme deg- og ombestemme deg. Eg vil også spørre dykk om eg får bruke fotografia på den offisielle facebook-sida mi, samt heimesida du no besøker. Nokre brudepar ynskjer også å kjøpe alle dei uredigerte jpg-filene, og få desse tilsendt på ein minnepenn. Dette er ofte mange tusen bilder, som kan vere kjekke å ha - nettopp fordi dei gir ein ekstremt detaljert fotofortelling frå dagen dykkar. Les meir om mogleg utviding av bryllupspakkane

 

Så er dei mange minna frå dagen i boks, i album og på veggane, og det er berre å hente dei fram att frå hukommelsen,

år etter år!

her.

KONTAKT

902 127 83

post@irisengen.no

ADRESSE

Heimdalsgata 30

OSLO

WEBDESIGN BY: Iris Engen Skadal

Fotograf: Iris Engen Skadal.

Rimelig bryllupsfotograf, med oppdrag i Oslo, Førde, Bergen.

Fotograferer Bryllup, portrettbilder, babyportrett, gruppe - og familiefoto. Rimelige priser og rask leveringstid!

http://mitt-bryllup.no/

http://www.tilbryllupet.no/

http://www.bryllupsdagen.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Bryllup

http://test.bryllup.no/

http://www.bryllupsmagasinet.no/planlegging/

http://www.tilbords.no/bryllup

http://www.vakrebryllup.no/

http://www.losbygods.no/bryllup/bryllup-pa-losby-gods/

http://www.fotografi.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Fotografi

https://snl.no/fotografi