FOTOGRAF IRIS ENGEN SKADAL BRYLLUPSFOTOGRAF OSLO BERGEN FØRDE

FOTOGRAF IRIS ENGEN SKADAL BRYLLUPSFOTOGRAF OSLO BERGEN FØRDE

Om fotobryllup

Om mine

fotobryllup

 Tips og triks!

Tips og triks: bryllupsfoto!

Korleis kan du legge til rette for at fotografen får knipsa gode bilder i bryllupet ditt? Og korleis kan du sikre at også regnfylte bryllup blir ein fotosuksess? Her får du nokre tips!

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Pris bryllupsfotograf / pakkepris  Førde, Bergen, Oslo, Sunnmøre, Ålesund, Stavanger.

Gjer bryllupet til

ein foto-suksess!

Du har leigd inn ein bryllupsfotograf, og ynskjer at bildene skal skape ei stemningsfull fotohistorie frå den store dagen dykkar. Målet er å fylle album og veggar med minner - til glede for både brudeparet, familien og komande generasjonar. Men korleis kan du legge til rette for å få mest mogleg ut av fotograferinga på din store dag?

Forbered gode kulisser

Dine valg av kulisser når det gjeld både forberedelse, fest og vielse har sjølvsagt mykje å seie for kor spennande bildene blir.

For eksempel vil ein kunne få svært fine stemningsfoto under forberedelsen før bryllupet dersom lokalene du har valgt legg til rette for dette. Velg difor helst arealrike rom med god tilgang på naturlig lys. Store vindauge er å foretrekke, då det gjer det lettare å ta teknisk gode bilder. Hugs å rydde! Frukt, sjampanje, tøystoff, tepper og puter er like hyggelige for deg og gjestene dine, som det fotovenleg er for fotografen.

 

NB: mange frisørsalongar er ofte litt trange og sterile, med plakatar og utstyr som kan tilføre litt uønska "støy" i bildene. Dette unngår du ofte dersom du finn ein annan, litt meir personlig location (gjerne din eigen heim), der du har rydda og fiksa litt før fotograferingen startar.

 

Skap dei "gode situasjonane"!

Mange ynskjer å fange stemninga undervegs i bryllupet, så minna frå dagen blir mest mogleg levande. Men når det er sagt, er det viktig å hugse at det først og fremst er paret, venner og familie som må le, smile og ha det kjekt for at fotografen skal sikre seg dei beste bildene! Hugs difor å legge til rette for stemningsfoto ved å skape gode, gjerne morosame situasjonar (selskapsleikar, o.l.), der det osar god stemning.

 

Research idèer og konsept

Når det gjeld dei formelle bryllaupsfotografia vil dei fleste ynskje eit variert utvalg bilder - både når det gjeld motiv, bildeutsnitt og positurar. Research-arbeid er difor lurt - både google bildesøk, Pinterest, Flickr og Instagram har eksempelvis mange gode fotoidèer på lur! Ein del brudepar lagar også eit lite album på feks. Pinterest, der dei presenterer kva for stil dei likar i forkant av bryllaupet. Slik får fotografen eit innblikk i kva positurar, bakgrunnar og redigeringsstilar paret likar, og kan tilpasse arbeidet sitt etter dette. Er du skikkelig rutinert, kan du jo alltids printe ut dei bileta du ynskjer aller mest, og lage ein liten collage til fotografen!

 

Tips til den offisielle fotoseansen

Eg vil anbefale å setje av i alt rundt 1,5-2 timar i effektiv fototid. Under sjølve fotoseansen er det lurt å sikre at ein knipsar både detaljar, nære- og halvnære portrett, samt også paret som del av omgivelsane. Ta helst med tepper til å sitje på, eller andre rekvisittar (konfetti (helst glitrande), girlander, stofflengder, lykter, lyskjeder, osv) som kan gjere bileta meir spennande.

Og ikkje gløym solide sko, (og varme klede dersom det er litt kjølig i lufta)! Hugs at brudeparet i seg sjølv er ganske fargelause der dei står i svart-kvitt, så dersom du likar fargar; ta med deg noko fargerikt, eller velg ein fargerik bakgrunn! Det er både i fotografens- og parets beste interesse at ein slappar og av har det kjekt. Tenk på fotoseansen som ein pause, der de kan lade opp til komande middag og festivitas! Trivsel, latter og god stemning er  grunnleggande for å få bilete som ser naturlige ut, og difor også ein svært høg prioritet for einkvar fotograf.

LAUVTUNGE TRE - TIL ALLSLAGS VÊR: Pass også gjerne på at det er nokre store, lauvtunge tre på location! Dei sikrar gode forhold i både regn og sol, då ein kan søke ly under trea, og sikre seg mot både skarpt lys og nedbør. Hugs også å ta med eit par robuste sko!

Tips til valg av foto-location

Før bryllupet har brudeparet som oftast plukka ut ulike locations, av og til i samråd med fotografen. Eg vil anbefale å velge locations der det finst eit breidt utvalg av bakgrunnar. Nedtona, mjuke fargar, som kornåkrar, gamle husveggar, svaberg eller strender, passar godt som bakgrunnar til duse, delikate bilete. Fjord, fjell og grøn natur byr også på vakre fargespekter, men desse er det litt meir "futt" i, så finn gjerne litt av begge deler. Blomar, anten i form av tre, busker eller blomsterenger er også flotte å bruke både som forgrunn og bakgrunn. Pass også gjerne på at det er nokre store, lauvtunge tre på location! Dei sikrar gode forhold i både regn og sol, då ein kan søke ly under trea, og sikre seg mot både skarpt lys og nedbør.

 

Tips til bryllupsfoto i (dårlig) vær

Dersom du veit at det kjem til å regne, har du fleire gode alternativ. Som nemnt vil lauvtunge tre vere ein god stad å oppholde seg, sidan lauvkrunene slepp lite vatn igjennom. Dersom du er skikkelig førebudd, kan du alltids spenne opp ein presenning mellom to tre, eller finne nokre gode hustak (eller ei bru) som kan skjerme for nedbøren. Det kan også vere lurt å ha med nokre fine paraplyar (gjennomsiktige er å anbefale)!

 

Og når det er nemnt, er det også viktig å ha med nokre gode, varme cardigans. Då slepp du å hakke tenner og skyte gåsehud i alle retningar, noko som forsovidt heller ikkje tek seg spesielt godt ut på bryllupsbildene. Ofte vil ein også trenge eit par gode sko, så ein kjem seg opp i den vakre enga, eller ned på det lekre svaberget utan å måtte vakle dit på høge hælar. Det viktigaste med fotografi i regnet er uansett at det er nok lys der de skal bli fotograferte, samt er det fint med ein ryddig bakgrunn.

 

Og til slutt, ei lita regnværs-trøyst: Hugs at ein himmel dekt av skyer gir det flottaste fotolyset! Då forsvinn dei skarpe skyggane, og ein får eit mjukt og vakkert "studiolys". Det er altså ingen grunn til å fortvile om det dryp litt på dagen dykkar!

 

KONTAKT

902 127 83

post@irisengen.no

ADRESSE

Westye Egebergsgate 4

OSLO

WEBDESIGN BY: Iris Engen Skadal

Fotograf: Iris Engen Skadal.

Rimelig bryllupsfotograf, med oppdrag i Oslo, Førde, Bergen.

Fotograferer Bryllup, portrettbilder, babyportrett, gruppe - og familiefoto. Rimelige priser og rask leveringstid!

http://mitt-bryllup.no/

http://www.tilbryllupet.no/

http://www.bryllupsdagen.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Bryllup

http://test.bryllup.no/

http://www.bryllupsmagasinet.no/planlegging/

http://www.tilbords.no/bryllup

http://www.vakrebryllup.no/

http://www.losbygods.no/bryllup/bryllup-pa-losby-gods/

http://www.fotografi.no/

https://no.wikipedia.org/wiki/Fotografi

https://snl.no/fotografi